Totalt antall sidevisninger

tirsdag 25. januar 2011

Leik som metode i Uteskule

Leik som metode!

I det pedagogiske arbeidet med barn i barnehagen er det eit sprang frå fri/ekte leik som eit utspring frå barnet sjølv til leik som er i gangsett av tilsette i barnehagen. Då går leiken frå å vere sjølvstyrt til å bli vaksen styrt. Likevel vil begge desse variantane ha barnet i sentrum med deira behov for aktivitet og behov for å kunne leike for leiken si skuld. Dette er ein viktig del i utviklinga hjå barnet med tanke på. sosial kompetanse og meistring.

I Rammeplanen for barnehagen er fokus på ferdigheiter. Korleis skal ein på ein pedagogisk god måte stimulere til betra ferdigheiter for barn i alderen 1-5 år? Dette er det sjølvsagt fleire svar på. Her vil det bli fokusert på leik som metode. Leik som metode betyr at ein brukar kjende leikar som gøymeleikar, Hauk og due, Troll og stein, ulike stafettar og organiseringsformer som vi særleg kjenner frå fysisk fostring eller barneidrett inn i det pedagogiske arbeidet.

I leikaktivitet med dei minste er det vanleg at ein driv Barn-vaksen aktivitet. Det betyr at ein kan bruke songleikar og regler som ein utviklar slik at dei ferdigheitene ein ynskjer å stimulere kjem fram gjennom den teksten ein syng eller rimar.

For dei barna som er i stand til å leike t.d. gøymeleikar kan ein lage det slik at ein kan fri seg med å gjere ei bestemt oppgåve. Denne oppgåva kan knytast til t.d. eit av fagområda i rammeplanen. Viss ein brukar fangeleikar, som Troll og stein, kan ein og verte "fri" om ein gjer nokre aktivitetar som kan få ein tilbakke i leiken. Eit eksempel kan vere at dei som vert fanga skal hinke 5 steg, finne ein "firkant", telle kor mange pinnar/kongler som ligg i ein ring, kjenne att ein bokstav o.l.

På denne lærarstyrte måten kan ein bruke leik som metode. Etter kvart kan ungane vere med på finne ut kva det er som skal gi "fri".